FJORD1 AS - 5244 FANA - Norway
Vi har no ledig stilling som 1.maskinist i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. trafikkert av vår elektriske ferje MF Møkstrafjord.I denne stillinga arbeider du 1 veke på og 2 veker fri i vinterhalvåret, og 2 veker på og 4 veker fri i sommarhalvåret. Du bur om bord i arbeidsperioden, og reisekostnader til og frå arbeidsstaden vert dekt.Som 1. maskinist vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av fartøyet. Du blir maskinsjefens stedfortredar og får ansvar for å sikre trygg og effektiv drift av maskin og tekniske system. Arbeidet krev solid fagleg kompetanse, høgt fokus på sikkerheit og vilje til kontinuerleg utvikling. Dette er ei spennande stilling i eit innovativt rederi som satsar på grøn teknologi og moderne løysingar. Du får jobbe med toppmoderne utstyr på ei stillegåande og energieffektiv el-ferje, og vere med på å forme framtida for miljøvenleg sjøtransport.Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. ArbeidsoppgåverVedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.Opplæring av personell under si leiing.Oppgåver knytt til alarminstruks.Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.KvalifikasjonarKompetansesertifikat M3Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta FSE lav- og høyspenningKrise- og passasjerhandteringGyldig helseerklæringSkandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Manglande krise- og passasjerhandteringskurs vert dekka av rederiet for aktuelle kandidatar.Personlege eigenskaparVi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og høgt fokus på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande. Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaerAttraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningarSjøvakt 2:4 i sommerhalvåret og 1:2 i vinterhalvåretEin bur om bord i arbeidsperiodeReisekostnadar til og frå arbeid dekkast av rederietKontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, 90210232, jonas.hovland@fjord1.no Arbeidsstad 5244 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5153351583 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.07.2026 Om arbeidsgiveren:Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.