HARDANGER FARTØYVERNSENTER HARDANGER OG VOSS MUSEUM FELLESAVD - 5600 NORHEIMSUND - Norway | Norway
Vi har ledig fast 100 % stilling som TREBÅTBYGGJAR Arbeidsområde: Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna og freda tre- og stålfartøy. Instruksjon av lærlingar Den ideelle kandidaten har: Fagbrev som trebåtbyggjar. Teknisk forståing for korleis eit fartøy er bygd. Kunnskap om historiske fartøy og maritim kulturhistorie. Gode norskkunnskapar. Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon. Stillinga inneber noko reiseverksemd, då me har oppdrag i heile landet. Personlege eigenskapar: Du er ryddig, engasjert og omgjengeleg, og meistrar å arbeide effektivt. Du er lagspelar som er oppteken av positivt arbeidsmiljø og HMT. Du set høge krav til kvalitet, og har interesse og erfaring med antikvarisk istandsetting, Me tilbyr: Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Gode moglegheiter for fagleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Om arbeidsgiveren:Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter i Noreg, og ei avdeling i Hardanger og Voss Museum. HFS er ei allsidig verksemd. Avdelinga held til i Norheimsund og har 45 medarbeidarar som driv med restaurering av verna og freda fartøy og bygningar, nybygging og restaurering av småbåtar, lærlingtilbod, museumsverksemd, forsking, dokumentasjonsarbeid og**aktiv formidling med ope for publikum året rundt. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde, mellom anna som leirskule.